Årets Tine Fotballskule går av stabelen 12-14 August.
Det er i år for alle spelarar uansett klubb frå 1 klasse (Aug.2026) til 8 klasse (Aug. 2026).
Vi held ope onsdag til fredag siste veka før skulestart, ein fin måte å få gutane og jenten…
Årets Tine Fotballskule går av stabelen 12-14 August.
Det er i år for alle spelarar uansett klubb frå 1 klasse (Aug.2026) til 8 klasse (Aug. 2026).
Vi held ope onsdag til fredag siste veka før skulestart, ein fin måte å få gutane og jentene tilbake i rutine før skulestart.
Dørene opnar 08:00, men sjølve Fotballskulen er frå 10-15. Vi held og ope fram til 16:30 for dei som treng ekstra «pass».
Det blir instruktørar frå Telenor Xtra Volda FFO med god erfaring frå arbeid med born, og dei får i tillegg med seg jenter og gutar fødd frå 2012 og eldre som hjelparar. Vi gledar oss til tre aktive og hektiske dagar kor borna får utfolde seg fysisk, sosialt og må litt ut av komfortsona når dei skal være med på Heiarop konkurranse fredagen – alt er god læring 💚⚽😍