Telenor Xtra Volda FFO
12 ting som er greit å vete om:
1: PÅMELDING (SPOND)
Det må legge logge inn enten ved å bruke innlogging frå før eller opprette ein profil i Spond. Spond er ein app heile klubben brukar og her vert det delt info om lagstreningar, dugnadar og andre kjekke aktivitetar Volda Fotball tilbyr. Når det melder på må de legge inn kortopplysningar mm. Det vil ikkje bli trekt noko før i August og trekkdato blir den 15 i kvar mnd.
2: PÅMELDINGSFRIST:
Påmeldingsfristen FFO (1-4 klasse) er 10.april (mulig å melde på hele året, med forbehold om plass).
Påmeldingsfristen BYGG1-Akademiet (5-10 klasse) er 1. Mai (mulig å melde på hele året, med forbehold om plass).
Det er òg mogleg å melde seg på gjennom heile året.
3: ANTALL DAGER Å VELJE:
1 klasse: 1-5 dagar.
2-4 klasse: 2-5 dagar.
4: ANTALL BORN:
Maks antal born per dag er sett til 50 på FFO. Avgrensninga er satt for å kunne gjennomføre gode fotballaktivitetar i SpareBank 1 Hallen heile året og for å kunne ha nok voksen ressurser til å ivareta barnas behov og våres egne krav til oppfølging.
5: VED FULL KAPASITET:
Om det skulle ende opp med at det blir påmeldt meir enn 50 barn per dag vil det bli oppretta venteliste. Vi kjem til å prioritere dei borna som er tilknytt VTI-Fotball fyrst.
6: MORGON-FFO FOR ØYRA SKULE OG BRATTEBERG SKULE
Vi gjeninnfører morgon FFO!! Tilbodet gjeld for born som går på Bratteberg- og Øyra-skule. MorgonFFO vil kun vere tilbudt til dei som gå på FFO og vi kjem til å ha eit tak på antall born så vi sikrar at vi klarer å levere på logistikk mtp. transport til skulane. Det primære tilbodet vil vere frå 07:30-08:15, men det kan gjerast avtale om 07:00 også - ta kontakt på [email protected] om det er eit behov.
7: FFO Kortdagprosjekt:
No som kommuna endrar sitt kommunale SFO tilbod så ynskjer vi å vere på tilbodsida til dykk føresette. Vi har fått med oss gjennom tilbodet som omhandlar kun bruk av gratisplass vil borna ha tilbod om SFO frem til 15:00 eller 15:15 avhengig av skule. Vi ynskjer å tilby eit tilbod til dei som treng det. Vi ynskjer å hente ca. 14:45 på Bratteberg og Øyra og gje eit aktivitetstilbod frå 15:00-16:00. Her vil det kun verte tilbod om aktivitet og fruktmåltid og ein stad å vere til 16:30 når vi stengjer.
8: HENTING/TRANSPORT:
ØYRA: Alle borna vert henta når dei er ferdige på skulen.
BRATTEBERG: Alle borna vert henta når dei er ferdige på skulen.
MORK: Alle borna vert henta når skulen er ferdig på skulen.
FOLKESTAD: Etter avtale (henting på Ferjekaia Volda).
9: MATTILBOD:
Vi ynskjer å tilrettelegge for alle borns allergiar. Det er utrulig viktig at det oppgjer det her i påmeldingsskjema så vi får lagt det inn i våre rutiner.
Vi tilbyr varmmat 5 dagar i veka og det som står på menyen er; havregrynsgraut, pølsesuppe, brødmat med karbonade eller fiskekaker, kjøttdeig og spagetti, tomatsuppe for å nevne nokre. For dei som ikkje er så glad i maten som blir servert får dei tilbod om brødmat eller knekkebrød med pålegg.
På slutten av dagen serverer vi frukt til borna som dei får når dei vert henta.
10: KORLEIS EIN DAG SER UT PÅ FFO:
Vi har dei siste åra prøvd ulike måtar å drifte dagane på for å imøtekomme alle borna sine behov og ønskjer. Det vi har landa på som ser ut til å fungere veldig bra er frileik frå borna er ferdige å ete mat (noko dei gjer med ein gong dei kjem til stadion). Då står borna fritt til å leike ute på området på stadion, under oppsyn av tilsette (klatrepark, stadionpark, fotballbane etc.) eller inne i SpareBank 1 Hallen. Trening frå 14:00-15:00 / 14:30-15:30 eller 15:00-16:00 avhengig av Bygg1-Akademiet mm. Då er det styrt aktivitet med vaksne i grupper på 6-15 born.
FFO: borna som skal spele fotball driv organisert aktivitet i SpareBank 1 Hallen eller ute på kunstgrasbanene i SpareBank1 Idrettspark.
FFO: Frå 16:00-16:30 vert det servert frukt på klubbhuset før vi stengjer 16:30. Bygg1-Akademiet: Trening frå 15:00-1630 eller 14:45-16:15. Det blir servert frukt og/eller smoothie i garderoba etter trening.
11: LEIK OG MORO:
Vi har fokus på at det skal vere leikprega aktivitet, spesielt for dei yngste borna. Gjennom alternativ aktivitet vert det òg lagt til rette for aktivitet med ball, og vi opplev ofte at born som egentlig ikkje er så veldig interesserte i fotball, finn aktivitetane morosame og ynskjer å ta del i meir og meir fotballaktivitet.
12: CAMPAR:
Vi har ingen planleggingsdagar og held opent alle dagar med unntak av raude dagar, gitt at vi har nok påmelde born dei ulike dagane. Vi har satt eit tak på minimum 10 born per dag for å halde opent. Ser vi at påmeldinga er litt lågare enn 10, men konsentrert innanfor ein viss aldersforskjell, held vi likevel opent då dette vil kunne gje godt trivsel for borna sjølv om ein ikkje er så mange. Å delta på camp i skuleferiar kostar ekstra i tillegg til den ordinære FFO-en. Difor er ordinær FFO også prisa lågare enn kommunal SFO.
Under campar legg vi til rette for mykje variert aktivitet. Vi har eksempelvis hatt turar til Loen Skylift, Hakkalegarden, skidag på Reset og i Hornindal, samt sykkelturar og fisketurar.