Laster arrangementsdetaljer...
Arrangør
Kvinnherad HandballklubbDato
Sted
Påmeldingsfrist
Aktivitetstype(r)
Aldersgruppe(r)
Ferdighetsnivå
Ein laurdag i Kvinnherad Arena er full av seksåringar som spelar sin første kamp. 9-åringar som endeleg spelar heimekamp. 11-åringar som gledar seg til å spele på full bane for første gong. Foreldre langs sida, kiosken open, jubel når ballen går i mål. Det er kanskje ikkje verdas beste handball, men det er vårt, og det skjer her heime.
Alt dette skjer fordi folk i bygda stiller opp. Nokon køyrer, nokon står i kiosken, nokon riggar hall. Det einaste vi manglar no, er dommarar.
For dei yngste laga kjem det ingen dommarar utanfrå. Regionen sender ingen – det er klubben sjølv som må stille. Er vi for få, kan vi ikkje arrangere, og då må borna våre reise ut av kommunen for å spele kamp. Eller la vere.
Difor spør vi vår eigen bygd. I haust set vi opp dommarkurs lokalt, og vi vil gjerne ha deg med.
Du gjer meir enn å blåse i ei fløyte. Du gjer at eit heilt kull får spele der dei bur. Og for ungdomane som blir med som dommar, er dette den første jobben deira – ei rolle i klubben, eigne pengar, og noko å vere stolt av.
Vi lærer deg opp
Du treng ikkje ha dømt før. Har du spelt handball, er det ein fordel, men det er ikkje eit krav. Melder du deg på, får du kurset, utstyret og oppfølginga du treng for å komme i gang:
Kva du blir med på
Du dømmer kampar for dei yngste laga våre, frå 6 til 13 år. Korte kampar på heimebane på Husnes, ofte fleire på rad same dagen i helga. I desse klassane er oppgåva er å halde spelet i gang og hjelpe borna undervegs.
Du blir aldri sett opp på ein kamp du ikkje har sagt ja til.
Og jo meir du dømmer, jo tryggare blir du.
Kven kan bli med
Alle frå det året du fyller 14. Forelder, besteforelder, ungdom, spelar – eller heilt utanfor klubben. Du treng ikkje vere medlem hos oss frå før.
Meld deg på her. Vi tek kontakt med dato og detaljar så snart kurset er sett opp.
Laster kart...
Få veibeskrivelse