Velkommen til Sula Turn!!
Vi ønskjer deg hjarteleg velkommen til turngruppa i Sula IL.
Turn er ein spanande og allsidig idrett som kombinerer turn, akrobatikk og lagarbeid. I Sula IL tilbyr vi eit trygt og inkluderande miljø der både nybyrjarar og erfarne utøvarar kan utvikle seg og ha det kjekt saman.
Treningane våre legg vekt på meistring, samarbeid og fysisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige trenarar som følgjer opp utøvarane og legg til rette for trivsel og framgang.
VIKTIG!!!
Vi tilbyr apparatturn, salto og kombinasjon av apparatturn og salto.
Apparatturn er ei allsidig treningsform der gymnasten får prøve seg på ulike apparat som bom, skranke, hopp og matte. Her jobbar vi med grunnleggande styrke, koordinasjon, balanse og turnglede i trygge og inkluderande rammer.
Vi tilbyr også Salto-turn. Salto er ei meir leikprega og actionfylt turngruppe med fokus på hopping, rotasjonar, trampoline og airtrack. Her får barna utfordre seg sjølve gjennom variert aktivitet og meistring.
Som breddeklubb ønskjer vi å vere eit lavterskeltilbod der alle kan vere med – uansett erfaring og nivå. Hos oss er det viktigaste å ha det kjekt, oppleve meistring og utvikle seg i sitt eige tempo.
Ved påmelding er det viktig å sjå nøye etter kva kurs de ønskjer å melde på:
- Salto
- Apparatturn
- Kombinasjonskurs: apparatturn + Salto
Pass på at de vel riktig kurs ved påmelding.
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ein ny sesong med energi, idrettsglede og lagånd.
Med venleg helsing
Sula IL Turn
Kursavgift er delt i avdrag. Det betyr at faktura blir delt i to avdrag. Du betaler et avdrag ved innmelding og et avdrag mnd etter.