Som ein del av Stanghelle dagane fortsetter me med Stanghelleløpet! 🏃
I fjor var me svært uheldige med været, så det kan i grunn berre bli betre! "Amy" er no for lengst reist forbi og me ser fram til ein kjekk dag med felleskap, glede og potensiell ny løype rekord!
I fjor vart det satt ein sterk løyperekord satt av Gard Brattabø på 22:10 på 5km!!! Løypa i år er så godt som identisk, men litt omlagt grunna tilbakemeldingar om at det var lite gunstig med potensiell sluttspurt i nedover bakken ned Vågslia for dei som knivar om plassane.
Løype gjennomgang:
- Den startar med stien som går mot dagsturhytta og går direkte opp via Vågslia
- Vidare rundt til Eikestølen og ned over Stanghelle brua
- Inn på Lågaskarvegen og opp Lågaskaret
- Vidare forbi skulen og ned bakken før ein kjem inn på Træshaugen
- Igjennom undergangen under hovedvegen og direkte rett fram inn på Ardalsvegen før ein snur opp igjen på Lågaskarvegen
- Tilbake mot mål som er rett over Stanghellebrua og til venstre.
Løypa som kart ser du her: connect.garmin.com/app/activity/23773662183
Løpet er gratis og åpent for alle ungdom og voksne uansett nivå! (barneløp blir også organisert utanom dette - følg Stanghelle dagane på facebook fb.me/e/4GsjXTg1G).
Løpet startar klokka 10:00 - møt gjerne i god tid for å få varma godt opp og få ein kort gjennomgang av løypa ved behov.
Du treng ikkje å løpe heile vegen, du treng ikkje å løpe i det heile tatt - me ønsker alle nivå velkomne, om du går eller løper! Me håper å sjå så mange som mulig ved start og målgang!
Det blir enkel tidtaking i år også, men me oppfordrer folk til å bruke klokke for eiga tidtaking i tillegg (lavterskel.)
Ved påmelding til løpet godtar du at tiden blir publiser saman med ditt namn.