Stanghelle IL - Løpekurs
Stanghelle IL gjennomfører eit 12-vekers løpekurs for sine medlemmar.
Instruktør for kurset er Jonas Lillejord (28) frå Osterøy. Han er utdanna fysioterapeut og har fleire års erfaring med langdistanseløping på nasjonalt nivå. Jonas er særleg oppteken av at løping skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av nivå og erfaring. Han meiner dei fleste kan lære seg å trivast med og meistre løping med riktig oppfølging og tilpassa progresjon.
Kurset har fokus på å bygge opp løpekapasiteten på ein trygg og motiverande måte, med vekt på progresjon, skadeførebygging og treningsglede. Deltakarane vil få både teoretisk og praktisk innføring, i tillegg til enkle styrkeøvingar og konkrete treningsøkter som ein kan arbeide med mellom samlingane.
Målet med kurset er å skape eit inkluderande løpemiljø der deltakarane kan utvikle seg saman og oppleve meistring – uansett utgangspunkt.
Praktisk informasjon
- Oppstart: 05.08.2026 kl 19:00-2030
- Samlingar med Jonas: Onsdagar 19:00-20:30 (første samling blir litt lenger varighet på)
- Fellestreningar: Mandagar kl. 19:00.
- Aldersgrense: Må fylle 16 år i år (2026)
- Prisen for medlem er 800,-
- Ønsker du å bli medlem er prisen for kurset også 800,-, men du vil bli lagt til som medlem i SIL og får medlemsgebyr utanom kurset (pris finnes på SIL sine sider).
- For deg som vil delta utan å bli medlem er prisen 1200,-
- Ingen refusjon for påmeldt kurs.
Lokasjon
Lokasjon blir på Stanghelle - oppmøte på skulen om ikkje anna er meldt på førehand.
Me vil då ta teori innendørs og løpinga vil foregå på strekket mellom bryggja og tog overgang fot flatt underlag, og andre plassar på Stanghelle for kupert terreng.
Begrensninger:
- Vi forsøker å legge oss på 20 deltakere, vurderer fleire dersom det blir stor pågang.
- Minimum 5 deltakere for å få gjennomført kurset.
Tid og lokasjon kan endre seg underveis og fra trening til trening. Informasjon vil derfor bli gitt så tidlig som mulig.