Sykkylven IL Fotball
og &Partnersakademiet inviterer gutar og jenter fødde mellom 2013 og 2017 ekstratreningar i vårsesongen, frå 17.April 2026 til 19.Juni 2026.
Det blir ikkje
treningar i skuleferiar.
Partnersakademiet
kjem i tillegg til vanlege lagstreningar, og er sjølvsagt heilt frivillige: eit
ekstra tilbod for dei som ønskjer å spele endå meir fotball enn det som er lagt
opp til i laget.
Treningane blir partalsveke,annakvar fredag
Om opplegget:
- Dyktige og engasjerte
trenarar frå klubben
- Om lag éin trenar per 12
spelarar
- 15 minutt leik/oppvarming +
60 minutt spel i ulike variantar
- Vi hjelper spelarane med å
«organisere det uorganiserte»
- Sunnmørsakademiet og AaFK vil
vere med på enkelte treningar
- Informasjon vert delt via
eiga Spond-gruppe
Treningstidspunkt:
Treningane vert
truleg på fredagar,partalsveke. På Sykkylven Stadion
Betalingsførespurnad
vert ikkje sendt ut før seinare, slik at ein kan prøve tilbodet før ein
bestem seg.
Første trening
fredag 17.April
Pris: 300 kroner
Takka vere samarbeidspartnaren vår, Partners
Eiendomsmegling Storfjord, kan vi halde deltakarprisen på eit svært lågt nivå.
Dersom du har
utfordringar med å betale avgifta kan vi søke kontantkassa for deg, ta kontakt
med [email protected]
KONTANTKASSA:
Dette er ei kommunal
økonomisk støtteordning. Ein kan få inntil 3000 kr i året i støtte til f.eks.
treningsavgift, deltaking på stemner, cup og konkurransar. Dette er ei ordning
for dei mellom 6-18år. Ta kontakt dersom dykk har betalingsutfordringar og ynskjer
å søke kontantkassa, så kan vi søke for dykk.