Velkomen til nybegynnarkurs i babysymjing for babyar frå 3 månader til 2 år.
Ei fin oppleving der babyar kan bli kjende med vatn i trygge og leikne omgjevnader. Gjennom song, rørsle og nærkontakt med foreldre utviklar barnet vassglede, moto…
Velkomen til nybegynnarkurs i babysymjing for babyar frå 3 månader til 2 år.
Ei fin oppleving der babyar kan bli kjende med vatn i trygge og leikne omgjevnader. Gjennom song, rørsle og nærkontakt med foreldre utviklar barnet vassglede, motorikk og tryggleik i vatn. Aktiviteten legg vekt på mjuke og tilpassa øvingar som stimulerer sansane og styrkjer bandet mellom barn og foreldre.
Kursstart: 19. august.
Kurset går over 8 samlingar fordelt over 8 veker og varer i 30 minutter kvar gong. Vi fyll skulekalenderen so det er ikkje kurs i skuleferiane.
Dei som deltek på kurs i regi av Volda Symjeklubb må melde seg inn som medlem i klubben.
Prisar for medlemskap: 100,- året
I tilegg må ein kjøpe armband for inngang og låsing av skap til 150,-. Armband kan hentast i opningstidene til Voldabadet. volda.kommune.no/voldabadet/opningstider/
Link til registrering av medlemskap: minidrett.no/medlemskap/1024131
Det er bindande påmelding.
Les meir her: voldasymjeklubb.no/symjeopplaering/babysymjing/