Treningsleir for Parautøvera
Hosted by
Volda SymjeklubbDate
Location
Registration deadline
Event details
Activity type(s)
Age group(s)
Skill level(s)
About this event
Volda Symjeklubb inviterer til treningssamling for parasymjarar i Voldabadet 8.–10. januar 2027!
Trenar og treningsopplegg
Vi er svært glade for at Shelby frå Aalesund Swimstar igjen vil vere hovudtrenar under samlinga! Det blir lagt opp til trenarstyrte symjeøkter, men vi ønskjer også å leggje til rette for utøvarar som føretrekkjer å symje på eiga hand, med eigen ledsagar eller trenar.
Utøvarar som har behov for individuell assistanse, må ha med eigen ledsagar.
Vi avhengige av at deltakande klubbar stiller med trenarar som kan bistå Shelby under øktene i bassenget.
Praktisk informasjon
Overnatting: Den enkelte klubb eller utøvar må sjølv organisere eventuell overnatting. Ta kontakt om de ønske informasjon eller tips.
Mat: Vi legg opp til felles måltid mellom treningsøktene. Vi vil ha behov for litt praktisk hjelp til matserveringa, så gi oss gjerne beskjed dersom nokon kan bidra.
Pris og kostnader:
Vi ønskjer å leggje til rette for ei inkluderande treningssamling med lågast mogleg kostnad for deltakarane.
Volda Symjeklubb stiller med eigne trenarar, basseng, gymsal og lokale til felles måltid. Den enkelte klubb og deltakar må sjølv dekkje kostnader knytte til eigne trenarar, ledsagarar, reise og eventuell overnatting.
Vi arbeider med å skaffe økonomisk støtte til samlinga, og håpar å kunne tilby gratis måltid til deltakarane. Dersom vi ikkje får dekt matkostnadene gjennom støtte, må deltakarane rekne med ein eigenandel på om lag 100–150 kroner per utøvar per dag.
Målet vårt er å halde kostnadene så låge som mogleg, slik at flest mogleg får høve til å delta.
Førebels program
Fredag 8. januar
Kl. 16.00–17.30: Eigentrening i Voldabadet (utan felles trenar)
Laurdag 9. januar
- Symjetrening med Shelby
- Felles lunsj
- Landtrening i gymsal
- Felles måltid
- Symjetrening med Shelby
Søndag 10. januar
- Symjetrening med Shelby
- Felles lunsj
- Symjetrening med Shelby
- Avslutning og heimreise
Klokkeslett for øktene laurdag og søndag blir kunngjorde seinare.
Vi gler oss til ei flott symjehelg saman med dykk!
Where you will find us
Loading map...