Loading club details...
Activity type(s)
Age group(s)
Skill level(s)
Fotballklubben Voss vart skipa 26. sptember 1921. I dag har klubben ca 1000 medlemmar, fordelt på lag i dei fleste klassar i seriesystemet, med spelarar frå 6 til 60 år. Klubben legg ned eit stort arbeid innan barne- og ungdomsfotballen Klubben si målsetjing er å tilby meningsfull aktivitet bygd på tryggleik, trivnad og tilhøyring. Ein ynskjer å gje eit tilpassa tilbod til gutar og jenter opp til 19-års alderen. På seniornivå vil ein ha resultatlag som baserer seg på lokal identitet og den spelarutviklinga som skjer i aldersbestemte klassar. Med ein effektiv organisasjon og administrasjon tilstrebar ein høg kvalitet på trenar- og lagleiarnivå. Voss Cup er den største fotballturnerninga i landet for aldersgruppa 6 - 12 år og vert arrangert tredje helga i juni kvart år. Heimesida er www.vosscup.no Smalahovecupen vart arrangert i slutten av oktober kvart år, og er ei turnering for dei godt vaksne. Sjå vår heimeside for meir informasjon. Fotballfritidsordning (FFO) er eit etter skulen tilbod til elevar i barneskulen. Sjå vår heimeside for meir informasjon om tilbodet.
Loading map...
Get directions